Låvekonsertar

Fredag 27.08 kl 22:00

Fredagsfest på låven med «The Celtic ad lib»

Celtic.jpg

Vi får besøk av ein duo som skal ta oss med på ei rundreise i Irland, Skottland og Nord England - kom bli med! 

Robert Waage på song og gitar, og Bård Larsen på mandolin og ei slags koring, kjem til Svanøy med eit sprudlande musikalsk fyrverkeri frå Keltisk tradisjon. Svanøyvenene, som herja øya under Solgangsfunk & Buskspel 2019, fokuserer på "balladetradisjonen" der tekstar om kjærleik, fest, patriotisme, endå meir fest, og ymse avartar av lengt, spelar like stor rolle som det instrumentale. Desse karane kan mykje om Keltisk historie og kultur, og om å få opp stemninga i oss trauste nord-atlantarar. Det er lov å synge med, svinge på seidelen, trampe i og utanfor takta, og klappe og hoie høgt og støyande i etterkant av kvar einaste låt!

Laurdag 28.08 kl 17:00

Familiekonsert med Anita Nordheim Blues n' Groove Company

anita.jpg

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company spelar blues- og groovemusikk slik den er meint å bli spelt. Rått, med følelse, og utan noko juggel. Ekte saker for heile familien!

 

Frontfigur Anita Nordheim legg ikkje skjul på at ho gler seg stort til å endeleg få vise Svanøy kva bandet hennar har brygga på i studio.

Laurdag 28.08 kl 22:00

Låvefest med Mrs. and the Pitifuls

Mrs and the Pitifuls på Kulturlåven

Denne sprudlande gjengen med Idun Losnegård i front, fekk låven til å koke sist dei var her. Dei koste seg så heftig med det energiske Svanøypublikummet at dei bad på sine knær om å få komme tilbake. Og vi er ikkje vanskelege...

 Buskspel

Fredag 27.08

18:00 Forspiel på Kroa: Karlsen og Karlsen

Oddvar Karlsen er kjend i nærområdet som ein habil diktar. I 2017 gav han ut plata «Dei som var her» saman med nevøen Steinar Karlsen på gitar. Oddvar skriv om dei nære ting. Skulle det røre ein og annan hjartestreng, så er han tilfreds.

19:30 Forspiel på Kroa:

"Trond Strand - prøver å bli kjent med seg sjølv"

Trond er lesegledar, musikar, sauebonde og ein formidlar av rang. I denne oppsetjinga, som han vakte åtgaum med i bokbyen Fjærland, tek han oss med på ei reise i tekstar og tonar i retning noko som kan syne seg å være: Trond Strand.

Laurdag 28.08

11:00 Norsk Hjortesenter - Cabaret Piaf

Jorunn Russøy & Asbjørn Vie har tidlegare valsa oss over øya med sine tolkningar av Leonard Cohen. No har dei teke utgangspunkt i Edit Piaf sitt univers, både på fransk og nynorsk. I Cabaretform framfører duoen ikkje berre råe og stemningsfulle tolkningar av Piaf, men krydrar det med tekstar og tonar som både kan utdjupe og pakke inn den tidstypiske stemninga.

13:00 Galleriet - Bellatango - streaming!

Bella Tango er eit florøbasert orkester med cellisten Sanja Dukanac og trekkspelaren Inge Reksten i front. Saman med leikande gitartonar og stødig bass, tek dei utgangspunkt i Astor Pantaleón Piazzolla sin argentinske tango med element av jazz og klassisk musikk. Konserten vert streama frå kunstgalleriet til Bjarne Svanøe med bileta hans i kunstnerisk samspel med musikken.

14:00 Erikstad - Dalsbø

Håvard Dalsbø er ein singer/songwriter frå Sunnmøre. Med si særmerkte og klangfulle stemme formidlar han songane sine i ein mjuk americana-stil som utvlisomt passar både han, gitaren og den gamle grua på Erikstad aldeles utmerka. 

16:00 Laftheim - Pelz

Terje Hellesen og Trond Strand utgjer duoen Pelz. Dei vil framføre tingingsverket "Egil 2021": "Egil Skallagrimsson segla i desse områda, og hadde mellom anna eit samanstøyt med Atløybård på Atløy. Kva er meir naturleg enn at  ein moderne versjon av diktarskalden dukkar opp på Svanøy, kor den gamle fienden Erik Blodøks skal ha blitt oppfostra.

Dette er ei poesiforestilling om den gamle krigarskald sitt tenkte møte med det seinmoderne samfunn."

Takk til Tor-Erik Hellesen for bearbeiding av musikkstykket "Donkey Love" (Hellesen Tor-Erik, Farr Craig. 2009)

18:00 Båtbyggeriet - Mannskoret Gammen (gratiskonsert)

Mannskoret Gammen, Florøs stolthet. Endeleg på Svanøy! Dei klare mannsrøystene frå sildebyen har sunge seg inn i mangt eit hjarte med feiande flotte shanties frå seglskutetida. Dei har og brilliert med sine kraftfulle tolkingar av Edvard Grieg. Å ha eit vaskeekte mannskor på Svanøy Båtbyggeri denne helga er ei sann glede, og forventningane er ikkje nett låge.

19:00 Gangstøbakkane - Kwakandu

Kwakandu debuterte i vinter med 2 fengande popsinglar på strøymetenestene. Men, dei er ikkje på nokon måte ukjende for oss som har fulgt litt med på ungodms-scenene i distriktet dei siste åra. Til tross for at dei har base i Bergen, titulerar dei seg sjølv som «The coolest thing out of Krokane since headmaster Vidar Nupen». Om du trudde det var lokalt? Trommisen er oppvaksen på sjølve Gangstøbakkane!

20:30 Bruhøgda - Steinar Karlsen

Gitaristen frå Eikefjorden har sidan solodebuten Ulydium (2011) hausta glitrande kritikkar for sine instrumentalplater. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar omtalte plata Tur (2015) som «One of the best instrumental releases of the year».Karlsen held framleis på å utforske sitt eige univers av underfundig ørkenmusikk. Som han sjølv kallar: «Gitarmusikk med vers og refreng». Er vi heldige med veiret på Bruhøgda denne kvelden, kan dei truleg høyre «Sunnfjordtoget» heilt heim.

Sundag 29.08

11:00 Soltun - Duo Leggiero

Sundags føremiddag på Soltun med Ella og Endre som vertskap, og instumental musikk frå Harpe og Cello bør kunne få dei mest frynsete nervar på rett kjøl. Marija Kadovic på klassisk harpe, og Sanja Dukanac på Cello let tankane fly imot irlands grøne øy. Her vert det berre å senke skuldrane, late att augo og drøyme seg inn i musikken.

12:30 Kjellerhuset - Barneteater: Katteblues

«Katteblues» handlar om to einsame skapningar som finn kvarandre og startar eit tøft band: ein mus og ei kjette. Dei er svært forskjellige, og vennskapen vert sett på hard prøve. Musa likar reglar. Han heng stadig opp lister med reglar - veldig viktige reglar - for å få samlivet med katten til å fungere. For eksempel: Det er ikkje lov å ete sin beste venn. Men tilværet på den støvete landevegen er hardt. Skal ein følge alle reglar, er det ikkje sikkert at ein får så mykje mat i magen. 

 

«Katteblues» er ei musikalsk framsyning med blues og bluegrassmusikk. Utgangspunktet var eit vell av mytar om kattar og åtte eventyr som vart skrella ned til eitt, «Katt og mus i partnerskap» av brørne Grimm, før også det vart kutta og berre essensen stod att: Korleis kan mus og katt vere venner? Handlingar går ut på å leve med forskjellar og ulike ønske. Det er lov å gjere feil, og ein kan få tilgiving sjølv om ein har gjort det verst tenkelege. 

 

På scena står skodespelar Idun Losnegård og distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og dei er heilt avhengige av hjelp frå publikum for å skape den riktige stemninga og drive historia framover. Dei oppmuntrar publikum til å vere med og synge. 

 

«Katteblues» er produsert av Teater Vestland i samarbeid med Sunnfjord kulturskule.

14:00 Dalen - BadetTrio feat. Henriette

Sundagsjazzen i år vert på kjøkenet i Dalen. Kjøkenet som for kort tid sidan var gamleskulen på Våg, fungerer til dagleg som eit høgst funksjonelt familiekjøken. Mats W. Systaddal på bass, Odin Hestholm på slagverk og Øyvind Dybvik på gitar er ein samspelt og dynamisk jazztrio frå Dalsfjorden. Låtar frå det ein reknar som standard jazzreportoir, vert ispeidd ein og annan eigen komposisjon. I anledning showet i Dalen, har dei med sjølvaste distriktsleiaren i Folkeakademiet Sogn og Fjordane på gjestevokal. Henriette Hatlevoll er nemleg ikkje berre distriktsleiar i FA, ho er og ein framifrå vokalist.

17:00 Solhaug - Erlend og Erlend (postludium)

No går det mot slutten på siste helga i august. Det neste vi har å sjå fram til er jul. Vi tek dette innover oss, pyntar hagestova på Solhaug med tre og det som skal til, og inviterer til julekonsert med Erlend Ona Gjul og Erlend Os. Erlend Ona Gjul (Holmedal) er ein klassisk skula baryton med ei stor røyst. Han har songe på fleire av dei største scenene i landet, og spelte i 2020 kongen i "Reisa til julestjerna", ved Opera Nordfjord. Han besøkte og Opera Nordfjord i 2015 som "Kaptein Von Trapp" i "Sound Of Music". Med seg har han Erlend Os (Nordfjordeid) Klassisk skula pianist som for tida er kantor i Naustdal, og lærar ved musikal-linja på Sunnfjord Fokehøgskule.

 Andre aktivitetar

Laurdag 28.08 12:00 Omvisning på Svanøy Hovedgård

Svanøy Hovedgård har ei innhaldsrik og spanande historie som strekkjer seg fleire hundre år bakover i tid. Her kan du verte betre kjend med futar, haugianarar, unionistar og andre fargerike typar som har sett sitt preg på garden oppigjennom tidene.

Laurdag 28.08 11:45 Busktur: Kvalstad – Erikstad

Ein familievenleg skogstur mellom buskspela på Kvalstad og Erikstad. Svanøy turlag har laga ny sti, og kan syne deg Svanøy frå i side dei fleste ikkje har sett før.

Sundag 29.08 09:00 Busktur: Morgentur ved Leif.

Ein lett og forfriskande tur på Sunnfjords perle, i terreng som er tilpassa dei aller fleste av oss.

Heile helga (27-29.august) Fotokunst på Kjellarhuset

Børge Bjartmann Bjerck er busett i Florø, der han jobbar med kunstfoto. I dei abstrakte bileta sine har han gått inn i eit mikrokosmos perspektiv. Tett på forfallet på ein måte som får nye verder av liv og vakre mønster til å oppstå der andre ser elende ved første augnekast. Dette gjer at ein kan oppfatte verda på fleire måtar samstundes og forstå både det som er, det som skal bli, og det forgagne. Det stygge og det fine på samme tid i samme objekt

200032934_3266007490342883_5201612093518

"Hot Jazzband" av Børge Bjartmann Bjerck.