Kva er Solgangsfunk & Buskspel?

Buskspel på Erikstad

Kort forklart:

Mange små konsertar på forskjellige scener spreidd rundt på heile Svanøy, og noken større på Kulturlåven ved Svanøy Hovedgård :)

I 2019 arrangerte vi Solgangsfunk & Buskspel for fyste gong. Dette ønskjer vi å gjere att i 2021. Solgangsfunk & Buskspel er ei massemønstring av levande kulturuttrykk på Svanøy. I følje offisielle og veldokumenterte historiske kjelder, har øya vore eit viktig skandinavisk kultur- og impulssenter dei siste tusen åra. Dette har ikkje Svanøy tenkt å slutte med. Solgangsfunk & Buskspel bidreg til dette.

Buskspel på Galleri Svanøe

Vi vil kunne oppleve kultur på garden, i garasjen, på verandaen, bak ei togskinne, oppå ein gammal kongegrav, etc. Rett og slett syne folk kvardagen på Svanøy i eit kunstperspektiv. Val av scener er gjort på bakgrunn av at vi meiner historia er felles eige. Vi har derfor framleis eit ynskje om å gje publikum tilgang på den unike Svanøyhistoria gjennom å arrangere konsertar heime hos folk som bur i husa med historia i veggane. I gamal industrihistorie, og dagens kultur ved å samarbeide med næringslivsaktørane.

Buskspel på Solhaug

I 2019 hadde vi 12 eventar på ei helg, spreidd rundt på heile øya. Det var med høgt kuntsnerisk nivå og med brei apell.

 

For Solgangsfunk & Buskspel 2021, er målet å gje helga endå meir breidde og gjere ho meir familievenleg. I nært samspel med kreftene på øya, sponsorar og friviljuge vil vi utvikle potensialet i fleire spanande arenarer på øya for nye, eventyrlege kulturopplevingar.